Åtvarar om unormalt høg UV-stråling denne veka

Yr.no melder denne veka om unormalt høg UV-stråling. Strålinga blir så høg at Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) oppmodar alle om å bruke solkrem for å beskytte huden.

Spesielt for dei yngste er det avgjerande at ein legg på i tykke lag. Dei neste dagane er det venta 10-15% lågare ozon-verdiar enn vanleg. 

Seks på skalaen

DSA oppmodar alle om å beskytte seg mot sola viss UV-indeksen er på tre eller meir. Denne veka er indeksen seks.

Indeksen kan ein sjekke på yr.no