Avtalen om Valle ungdomshus blir forlenga minst ut 2025

Valle kommune har no forlenga avtalen som gjeld Valle ungdomshus, som er å finne i det gamle heradshuset i sentrum. Det betyr meir aktivitet i bygget minst ut neste år.

Torunn Charlotte Nyberg, Marit Flateland og Margrethe Bakke Harstad framom det gamle herradshuset i Valle, som også er Valle ungdomshus. - Klikk for stort bileteTorunn Charlotte Nyberg, Marit Flateland og Margrethe Bakke Harstad framom det gamle herradshuset i Valle, som også er Valle ungdomshus. Ole Birger Lien

Valle ungdomshus kom på plass etter initiativ frå Marit Flateland og Margrethe Bakke Harstad. Tidleg i 2023 var den nye samlingsstaden for lokal ungdom eit faktum.

– Det var resultata frå undersøkinga Ungdata, der det kom klokkeklåre signal om at ungdomen ville ha ein møteplass i sentrum, at me sette i gong. Valle kommune har heile vegen vore veldig positiv, ein ja-kommune, seier Bakke Harstad.

Valle kommune lar Valle ungdomshus få bruke lokala i det gamle herradshuset gratis, og dekker også straumutgiftene.

– I tillegg til ynskjet om ein møteplass er det også slik at i samband med ombyggjing og nybyggjing av Nye Valle kultursenter blir ein del av aktiviteten som skulle ha vore der lagt til heradshuset. Så frå hausten av blir difor den ordinære ungdomsklubben både i heradshuset og soknehuset på Rysstad, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Fotballkveldar

I sommar, fram til EM i fotball er slutt, blir det skipa til samlingar med fotballkampar på storskjerm i ungdomshuset. I snitt møter 15-20 ungdomar opp til samankomstene.

– Så blir det endå fleire aktivitetar frå hausten av, spesielt etter skulestart. All drift er basert på dugnad, det er difor avgjerande at me har så mange foreldre som råd med. Me har to foreldre til stades på kvar samling, seier Marit Flateland.

Målet er at alle foreldre med born i Valle ungdomshus stiller som frivillige i ei rullering.

– Det er dumt viss dei same må møte gong på gong. Interessa frå ungdomen er i alle fall stor, så her bør me alle delta. Skal ein ha gode oppveksvilkår og trygge rammer for born og unge, ja då må det også foreldreengasjement til, seier Margrethe Bakke Harstad og Marit Flateland.