Barnas Halloween på Sølvgarden hotell fredag 31. oktober

Det er klart for Barnas Halloween på Sølvgarden hotell fredag 31. oktober. I år som i fjor støttar Kultur og fritid i Valle kommune arrangementet med eit økonomisk tilskot.

Mange meiner kanskje at Halloween er ein framand tradisjon som ikkje har nokon plass i Valle, men på Sølvgarden Hotell har dette vore eit svært populært arrangement i fleire år. I år som i fjor sponsar derfor Valle kommune maten på Barnas Halloween, i staden for å ha eige halloweenarrangement i juniorklubb og ungdomsklubb. 

– Det er positivt at også næringslivet har arrangement som er særleg lagt til rette for barn og unge og barnefamiliar, og då er det fint at me kan bidra til at flest mogeleg kan delta på arrangementet, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Slik er det lagt opp:

Kl.16-18 Barnehage til og med 4. klasse.

Kl.18-20 Frå 5. klasse og oppover (pluss/minus)

Alle -  både vaksne og barn – blir oppmoda om til å kle seg ut, så her er det berre å leite gjennom loft og kjellar, så dukkar det nok fram noko som kan brukast! Disco i skumle omgjevnader, og eit par musikkinnslag med elevar frå Valle kulturskule blir det også  løpet av kvelden. Grusom pizzabuffet med dessert, snacks og heksedrikk! Sterkt rabatterte prisar til barn og ungdom 0-16 år pga. støtte frå Kultur og fritid.