Barnehagane i Valle kommune med ski-VM!

Samstundes med at Klæbo og alle dei andre sleit seg rundt i løypene i Granåsen under VM på ski nyleg gjekk det føre seg eit meisterskap med vel så mykje entusiasme i Valle kommune! Både Valle og Hylestad barnehage skipa til sitt eige VM!

I forkant av skidagen lærte borna om "Snedi", maskoten til årets ski-VM. Dei dansa til og song "Snedi"-songa, fargela "Snedi", hadde ei lita utgåve av maskoten på avdelingane, og generelt lærte og høyrde om tradisjonen med å vere ute og gå på ski. I Hylestad barnehage laga dei også "Snedi"-kostyme til karnevalet sitt. 

Krevjande skiforhold

Skidagane vart gjennomført på tross av mildver og regn som gjorde snøforholda noko utfordrande. Ungane kosa seg likevel, og gjekk på ski med stor iver og glede. Dei fekk medalje og diplom etterpå. Hylestad barnehage hadde eit godt samarbeid med folkehøgskulen. Elevar og lærarar derifrå ordna med seierspall, oppmerking av løyper, leika med ungane og hjelpte til med grillinga. Dei fekk også besøk av maskoten "Brokki".

Folkeakademiet baud på mat

I begge barnehagane har Folkeakademiet Valle stødd opp med nokre midlar, slik at det vart høve til å spandere godt med mat med eit ekstra blikk på tradisjonar. Dei fekk grilla pølse med heimelaga pølsebrød og lompe/eplekake, i tillegg til glosteik og blåbærsuppe. Det er også desse midla som gjorde at barnehagane kunne kjøpe inn maskotane.