Barnehagane og tilsette i Valle kommune med flott innsats for TV-aksjonen!

Sundag er det klart for årets TV-aksjon til inntekt for Barnekreftforeningen. Borna i barnehagane i Valle og Hylestad har sanneleg gjort sitt! Også på kommunehuset samla gode krefter seg til innsats.

Frå venstre Eline Haugå Løyland, Nina Brottveit-Kjelleberg og Marcus Kristiansen i Valle barnehage. - Klikk for stort bileteFrå venstre Eline Haugå Løyland, Nina Brottveit-Kjelleberg og Marcus Kristiansen i Valle barnehage. Anette Brottveit

I Hylestad barnehage har dei mellom anna laga figurar i trolldeig for sal. Dei diska også opp med lapskaus slik at svoltne foreldre både kunne mette seg og støtte TV-aksjonen! I tillegg laga dei rognebærgele som dei selde.

Aktive i Valle

Også i Valle barnehage har dei stått på! Der har dei selt lapskaus, saft og kaffi. Borna i Gamlestog pynta syltetøyglas og hadde kjeks i, medan dei i Nyestog og Lislestog laga eplesylte!

Kyllingsuppe og focaccia

På kommunehuset i Valle vart det laga kyllingsuppe, focaccia og gulrotkake for sal for dei tilsette. I eit stu fullt matrom la folk i seg av hjartans lyst, og betalinga gjekk beint til TV-aksjonen.

Ta vel imot bøsseberarane!

Sundag klokka 12-14 går det ut bøsseberarar i heile kommunen. Ta dei vel imot! 

På kommunehuset i Valle kunne dei tilsette få kjøpt seg kyllingsuppe, focaccia og gulrotkake til inntekt for TV-aksjonen. Det var leiar velkomst Gunn Marith Homme som stod for suppa. Med seg på opplegget hadde ho Anne Berit Solheim. - Klikk for stort biletePå kommunehuset i Valle kunne dei tilsette få kjøpt seg kyllingsuppe, focaccia og gulrotkake til inntekt for TV-aksjonen. Det var leiar velkomst Gunn Marith Homme som stod for suppa. Med seg på opplegget hadde ho Anne Berit Solheim. Ole Birger Lien

Vipps: 2133
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431
SMS med kodeord TVA til 2133 (300 ,-)

Borna i Hylestad barnehage laga rognebærgele til inntekt for TV-aksjonen. - Klikk for stort bileteBorna i Hylestad barnehage laga rognebærgele til inntekt for TV-aksjonen. Hylestad barnehage Pynta glas med kjeks og eplesylte frå Valle barnehage. - Klikk for stort biletePynta glas med kjeks og eplesylte frå Valle barnehage. Anette Brottveit Hylestad barnehage sin herlege lapskaus gjekk unna! - Klikk for stort bileteHylestad barnehage sin herlege lapskaus gjekk unna! Hylestad barnehage