Barseltreff på Hovden og i Valle utetter våren

Bykle og Valle helsestasjon og skulehelseteneste skipar til sju barseltreff i tida fram mot sommaren. I Valle kommune, med svært høge fødselstal, bør dette tilbodet vere midt i blinken!

Det er fleire barseltreff her ved Valle helsesenter framover mot våren. - Klikk for stort bileteDet er fleire barseltreff her ved Valle helsesenter framover mot våren. Ole Birger Lien

Det første treffet vart skipa til ved Valle helsestasjon 9. januar. Neste runde er Hovden helsestasjon 5. februar. Alle treff går føre seg i tidsromet 10-12. 

Siste runde i slutten av mai

I februar er det også eit treff ved Valle helsesenter, den 13. februar. Så er det Hovden helsestasjon 18. mars, dagen etter er det ny runde i Valle, Hovden att 22. april med siste barseltreff før sommaren ved Hovden helsestasjon 27. mai.

Ulike tema

Barseltreff er meint for born og omsorgspersonar som er heime med barnet i det første leveåret. Det er enkel servering, og den ansvarlege helsesjukepleiar legg opp til aktuelle tema for aldersgruppa og årstida. Dei tar gjerne imot innspel på tema. 

Ingrid Bjønnes når ein på tlf 94813245 og e-post HER

Monique Vatsend Jore når ein på e-post HER