Biblioteket i Sæbyggjen markerer den samiske nasjonaldagen fredag 6. februar!
Det blir både mat, utstillingar, samiske eventyr og foredrag når biblioteket i Sæbyggjen i Valle markerer samanes nasjonaldag fredag 6. februar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.02.2026 09:30
Sist endra 04.02.2026 09:30
Biblioteksjef i Valle kommune, Julie Iversen Solheim, håpar mange blir med på markering av samanes nasjonaldag fredag 6. februar.
Ole Birger Lien
Det blir servert både bidos og gahkko som del av markeringa. Bidos er ei tradisjonell samisk kjøttsuppe med reinsdyrkjøtt og lite vatn. Bidos er samane sin nasjonalrett. Gahkku er eit lett krydra brød som også er ein typisk samisk tradisjonsrett.
Tre utstillingar
Det blir tre utstillingar som del av dagen. Hasla kjem med samiske syljer, Setesdal vgs avdeling Valle har eit prosjekt i samband med den samiske nasjonaldagen, og skal vise fram det dei har laga, og Vibeke Ovesen og Julie Iversen Solheim stiller ut samiske klede. Så blir det høgtlesing av samiske eventyr, og Ragnhild Bjåen kjem med foredrag om historien til menneska og reinen. Bjåen skal også vise fram vandreutstillinga “Reinkula”.
Kulturinnslag
Høgtlesing og teikning i biblioteket tar til klokka 15. Det blir matservering i Kyrkjestoga frå klokka 16, og mellom 16-18 blir det kulturelle innslag. Det er også der og i det tidsromet foredraget kjem.
– No håpar me at mange vil kome og vere med oss. Me skulle i grunnen bare lage eit lite arrangement, men så bala det på seg som det jamnt gjer, og det er jo heilt topp! seier biblioteksjef i Valle kommune, Julie Iversen Solheim.