Biblioteket i Valle innfører nytt utlånssystem
Biblioteket i Valle skal innføre nytt utlånssystem, og måndag 28. oktober held biblioteket stengt på grunn av omleggjinga. Den dagen er det heller ikkje meirope bibliotek.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.10.2024 12:19
Sist endra 25.10.2024 12:19
Bibliotekar Aud Kjersti Torbjørnsen i Valle lovar å hjelpe dei som treng det med å få på plass nytt utlånssystem.
Ole Birger Lien
I samband med det nye utlånssystemet må alle som skal halde fram med å låne bøker, filmar eller anna laste ned appen Bibliofil.
– Folk som har brukt biblioteket i Kristiansand eller Arendal har kanskje alt lasta ned appen og gjort seg kjent med systemet. Viss ikkje skal me her i biblioteket hjelpe alle som treng det, seier bibliotekar Aud Kjersti Torbjørnsen.
HER kan ein laste ned appen Bibliofil