Brannvesenet set fyr på hus på Øyne i Valle tysdag ettermiddag

I ettermiddag tysdag 30. september klokka 16 set Setesdal brannvesen IKS fyr på eit hus på Øyne i Valle og skipar til øving for brannmannskapa.

Setesdal brannvesen IKS

Det er tilsette i brannvesenet i Valle og Hylestad som skal få trent seg på alt frå vassføring og slokking til røykdykking når Øyvegen 71 blir sett fyr på. 

Set fyr i 16-tida

Det betyr at om ein ser både brannbilar og brannmannskapar i full utrykning i Valle i ettermiddag så treng ein altså ikkje uroe seg - det er bare gode mannskapar som skal bli endå betre! Førebuingane tar til i 14-tida, medan sjølve brannen vert starta ca klokka 16. Øvinga er ferdig kring klokka 20 i kveld.