Brokke-Suleskarvegen opnar 21. mai

Brokke-Suleskarvegen mellom Valle og Sirdal opnar tysdag 21. mai klokka 12.

Brokke-Suleskarvegen opnar tysdag 21. mai. - Klikk for stort bileteBrokke-Suleskarvegen opnar tysdag 21. mai.

Meldingar fram til no tyder på at brøytinga har gått etter planen, det er difor ingenting som tyder på at opninga skal bli utsett. Den vinterstengte vegen er på kring fire mil,  og med opninga mellom aust og vest blir heile regionen opna. 

Open til 1. november

Brokke-Suleskarvegen krysser verneområdet Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane, der den sørlegaste villreinstamma i Nord-Europa held til. Vegen er open fram til 1. november.