Bygdekvinnelaga i Valle kommune klare med matkassar

Kommunestyret i Valle har vedteke å sette av 50.000 kr. til matkassar til dei som treng ei hjelpande hand i førjolshandelen i år. Det er bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad som tar seg av utdelinga.

Liv Bratlie Løyland og Elin Elisabeth Viki med matkassar som snart skal delast ut. - Klikk for stort bileteLiv Bratlie Løyland og Elin Elisabeth Viki med matkassar som snart skal delast ut. Grete Fossen

Det er ingen spesielle krav knytta til å få ein slik matkasse bortsett frå at ein må vere fastbuande i Valle kommune.

– Alt me treng er ein telefon eller ei melding der me får namn og adresse på den som ber om ein matkasse. Kassen blir køyrt ut til dei det gjeld, seier Malmfrid Nyborg Homme i Valle bygdekvinnelag.

Det er ho eller Kirsten Bråten Berg i Hylestad bygdekvinnelag som tar imot meldingar om behov. Malmfrid når ein på tlf 911 75 191, medan Kirsten har tlf 911 63 450. Det er den som ynskjer ein matkasse som sjølv må ta kontakt.

Frå frukt til kaffi

I matkassane, som truleg inneheld varer for i alle fall ein tusenlapp, finn ein alt frå frukt til kaffi, og sjølvsagt “jolelege” ting.

– Det meste skal vere slikt som held seg ei stund. Me må ha inn alle førespurnader før fredag 15. desember, så blir alt levert på døra, seier Nyborg Homme.

Bygdekvinnelaga håpar alle som måtte slite litt med å få til jolehandelen tar kontakt.