Bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad er klare med matkassar før jol. Her eit knippe av dei i sving. Frå venstre: Elin Viki, Kirsten Bråten Berg og Torbjørg Helle.I fjor vart det delt ut 18 matkassar gjennom ordninga, ei fin hjelp til dei som treng det. Det er ingen spesielle krav knytt til å få ein matkasse, anna enn at ein må vere busett i Valle kommune.
– Alt me treng er ein telefon eller ei melding der me får namn og adresse på den som ynskjer ein matkasse, seier Elin Viki i Valle Bygdekvinnelag.
Det er ho som organiserer og tar imot namn og adresse på dei som vil ha matkasse. Ein når henne på tlf 97789291. Det er vedkomande som ynskjer seg ein matkasse som sjølv må ta kontakt.
Mat for 1500 kr.
I matkassen finn ein alt frå jolemat til frukt og andre godsaker. I alt inneheld kassen matvarer for 1500 kr. Det meste skal vere varer som held seg ei stund.
– Me må ha inne alle namn og adresser før tysdag 16. desember, så blir alt køyrt ut og levert torsdag 18. desember etter klokka 17, seier Elin Viki.
Ho legg til at bygdekvinnelaga både i Valle og Hylestad håpar at alle som måtte slite litt med å få jolehandelen til, tar kontakt.