Etter melding frå Statsforvaltaren om at avløpsanlegget i Brokke ikkje er i samsvar med gjeldande regelverk er alt av nye tiltak som krev tilkobling til anlegget sett på vent.
– Dette må løysast før me kan gje nye byggje- og delingsløyve, seier leiar teknisk eining i Valle kommune, Magnus Berg.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.05.2024 14:40
Sist endra 14.05.2024 14:40
Leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg.
Ole Birger Lien
Søknader om tiltak som ikkje krev tilkobling til anlegget blir handsama på ordinært vis.
– Dei som alt har fått løyve og er i gang med byggjing kan fullføre prosjekta sine. Me kan også gje ferdigattest på slike prosjekt, seier Berg.
Mellombels
Pausen for nye tiltak i Brokke er mellombels.
– Det er Statsforvaltar som er forureiningmynde. Valle kommune er plan- og bygningsmynde. Situasjonen i Brokke blir normalisert att så fort statsforvaltaren har konkludert med at løysingane er på plass, seier Magnus Berg i Valle kommune.