Byggjer 1500 meter ny gang- og sykkelveg på Rysstad

Statens vegvesen i samarbeid med Valle kommune byggjer no gang- og sykkelveg frå Fjellskarå til Haukedalsvegen, ei strekning på kring 1500 meter. 

Når arbeidet er fullført vil det vere samanhengande gang- og sykkelveg frå Besteland til Nomeland i Hylestad.

– Den lengste samanhengande gang- og sykkelvegen i Setesdal, slår Torgeir Hodne i Statens vegvesen fast.

Ferdig i november

Gang- og sykkelvegen skal vere ferdig i løpet av november.

– Arbeidet ligg i rute til det, seier Hodne.

Viss det blir behov kan det bli aktuelt med ljosregulering somme stader langs anleggsområdet i byggjeperioden.