Byggjer parkeringsplass og ladestasjon i Valle sentrum

Med ei kostnadsramme på vel 4 mill. kr. byggjer no Valle kommune parkeringsplass med ladestasjon på baksida av Esso-stasjonen i Valle sentrum. Prosjektet er prikken over i-en på ei langsiktig satsing på trafikal infrastruktur som både gjer ferdsle enklare men ikkje minst tryggare.

Torleif Homme i Valle kommune på tomta bak Esso-stasjonen i Valle sentrum, der det no kjem både parkeringsplass og ladestasjon. - Klikk for stort bileteTorleif Homme i Valle kommune på tomta bak Esso-stasjonen i Valle sentrum, der det no kjem både parkeringsplass og ladestasjon. Ole Birger Lien

På eit område på vel tre dekar skal det kome på plass mellom 30-40 parkeringsplassar. Det blir plassar både for vanlege bilar men også for større køyretøy som bubilar og bussar. I tillegg kjem det ladestasjon som også er tilpassa for alt frå personbilar til større køyretøy.

– Adkomst blir via ei ny innkøyrsle nord for vassfontena i sentrum. Heile prosjektet skal etter planen vere fullført før fellesferien, seier Torleif Homme i Valle kommune.

Det er entreprenør Hovden hytteservice AS som har fått jobben, og der Brd. Tveiten som underleverandør no er i full sving med gravemaskinane sine.

I den store samanhengen

Parkeringsplassen blir no bygt med tanke på samanheng både til sentrum og ikkje minst til stien opp mot dagsturhytta.

– Det blir laga direkte tilkomst frå parkeringa og opp i sentrum, og likeeins til stien opp mot Lauvåsloptet. Me bind på dette viset området meir saman, og gjer heile sentrum meir oversikteleg, seier Homme.

Prosjektet i Valle sentrum er eit av mange som skal vere med på å gjere trafikksituasjonen i sentrum tryggare. Med rundkøyringa på plass nede på riksveg 9, fortau opp mot “gamle” sentrum og i tillegg ei massiv utbyggjing av både gang- og sykkelvegar og ikkje minst gateljos i kommunen dei siste par åra, har den totale infrastrukturen fått ei veldig oppjustering.

– No er som ein ser arbeidet godt i gang her, så ser me fram til å kunne ta alt saman i bruk, seier Torleif Homme.

Rundkøyringa ved Valle sentrum er eitt av fleire grep som er teke dei siste åra med tanke på meir oversikteleg trafikk, samband til sentrum og ikkje minst meir oversikt for folk både til fots og i bilar. - Klikk for stort bileteRundkøyringa ved Valle sentrum er eitt av fleire grep som er teke dei siste åra med tanke på meir oversikteleg trafikk, samband til sentrum og ikkje minst meir oversikt for folk både til fots og i bilar. Ole Birger Lien