Bykle og Valle med solid "Setesdalsfront" på karrieredagen i Kristiansand

Karrieredagen ved universitetet i Agder er i god gang, og delegasjonane frå Bykle og Valle står side ved side i Vrimlehallen.

Standane frå Bykle og Valle side ved side på karrieredagen ved UIA. - Klikk for stort bileteStandane frå Bykle og Valle side ved side på karrieredagen ved UIA.

Studentar ved universitetet er alle potensielle arbeidstakarar, difor satsar kommunane hardt på å vere synlege i Kristiansand. Karrieredagen tok til klokka 10, og det har vore mykje aktivitet kring standane frå Setesdal.

– Strålande produkt

– Det er god interesse for kommunen øvst i Setesdal, og mange studentar har spørsmål. Svar skal dei få, for me vil så gjerne få fram alt det positive me har å by på. Gode rammevilkår, eit sers godt tenestetilbod og ikkje minst ein kommune i det vakraste av norsk natur. Me har eit strålande produkt å marknadsføre her i dag! meiner skulefagleg ansvarleg i Bykle kommune, Kjetil Vik.

– Mange kjem innom, og det set me veldig pris på. Så får ein håpe at det me fortel gjer dei endå meir nyfikne på oss og mogelegheitane i Valle, seier leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.