Bykle-ordføraren opna Bykle-tunnelane fredag

Fredag 13. desember kunne ein nøgd Bykle-ordførar Hans Blattmann kutte snora og opne dei to oppgraderte tunnelane i Bykle. Med det er ein lang periode med omkøyring på Movegen over.

Bykle-ordførar Hans Blattmann opna Bykle-tunnelane fredag 13. desember. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann opna Bykle-tunnelane fredag 13. desember. Statens vegvesen

Oppgraderinga både av Sandfjødd og Byklestigen har blitt meir omfattande enn opphaveleg planlagt - fordi Statens vegvesen har nytta sjansen i anleggsperioden til å rekke over meir enn ein trudde skulle vere råd. I tunnelane er no alt av elektro og ljos på det næraste skifta ut. Noko av ekstraarbeidet som no er gjort er rekkverksarbeid, utviding av sideterrenget og utskifting av dårlege massar i vegen. Det er skifta overvassrøyr, lagt kanststein og ny asfalt.

– Takka vere greitt ver og løysingsorienterte arbeidarar har me fått gjort veldig mykje meir enn me i utgangspunktet såg for oss. No er me i mål, så står det att litt etterarbeid til våren, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.

– Kjem alle til gode

Hans Blattmann sa då han kutta snora for tunnelane at oppgraderinga er ei satsing som kjem alle til gode.

– Riksveg 9 er livsnerva gjennom dalen. Perioden med omkøyring har gått greitt, men eg trur me alle er glade for at no er det den vanlege vegen som gjeld, sa han.