Dei tilsette i barnehagane fekk kursing i førstehjelp
Nyleg fekk alle tilsette i barnehagane i Valle kommune viktig kompetanse då dei deltok på førstehjelpskurs.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.09.2025 10:19
Sist endra 26.09.2025 10:19
Dei tilsette i barnehagane i Valle kommune på førstehjelpskurs nyleg.
Valle kommune
Med ein engasjert kurshaldar i Terje Refsnes fekk kursdeltakarane både ei teoretisk men ikkje minst også ei praktisk innføring i dei viktigaste prinsippa og teknikkane som ein veit kan vere så avgjerande når det verkeleg gjeld.
– Dette vart eit kurs som verkeleg gav mykje. Dei tilsette var svært nøgde og har no blitt litt tryggare i tilfelle dei skulle hamne i ein situasjon der det er behov for førstehjelp, seier einingsleiar i barnehagane, Torgeir Andreas Helle.