Dei vil ha gamingkafé i soknehuset på Rysstad!

Ein gjeng ungdomar og foreldre i samarbeid med Valle kommune arbeider no for å få til gamingkafé i soknehuset på Rysstad.

Eit knippe av dei som vil ha gamingkafé i soknehuset på Rysstad. - Klikk for stort bileteEit knippe av dei som vil ha gamingkafé i soknehuset på Rysstad. Valle kommune.

Nyleg møttest fem foreldre, minst dobbelt så mange ungdomar frå mellomsteget og ungdomsskulen, ungdomsarbeidar og leiar kultur i Valle kommune for å drøfte ei slik etablering.

– Det var stort engasjement og det kom mange gode innspel til vegen vidare, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Delvis foreldredrive

Det er meininga at gamingkaféen skal vere delvis driven av foreldra. Kultureininga i kommunen tar seg likevel av oppstarten.

– Me ser for oss at me skal ha eit tilbod i alle fall ein kveld i månaden. Tilbodet skal driftast som eit samarbeid mellom kommunen og foreldre, og rettar seg både mot mellomsteget og ungdomsskulen, seier Nyberg.

Det er kjøpt inn PS-stasjonar. Tanken er å bruke matsalen i soknehuset til ungdomskafé, og møteromet ved sida av til gamingrom. 

– Det er ein del praktisk som skal på plass, men me håpar på å starte opp så snart som råd, seier Torunn Charlotte Nyberg.