Delt beredskap på legekontora i Bykle dei to neste vekene - vanleg drift i Valle

I veke 23 og 24, det vil seie perioden frå måndag 3. juni til fredag 14. juni, deler legekontora i Bykle på å ha ope for pasientar. I Valle er det vanleg drift også denne perioden.

I veke 23 og 24 er legekontoret i Valle ope torsdagar og fredagar. - Klikk for stort bileteI veke 23 og 24 er legekontoret i Valle ope torsdagar og fredagar.

Måndag og tysdag dei to vekene er det legekontoret på Hovden som er ope, og det er stengt torsdagane og fredagane. Onsdagane er det i Bykle det er ope. Valle legekontor har ope kvar dag som vanleg begge vekene.

Sluser til Valle

– Legekontoret i Valle er også disponibelt for såkalla subakutte henvendelsar frå Bykle og Hovden måndag til onsdag i perioden, seier kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva.

Subakutte henvendelsar er stutt sagt ting som ikkje hastar så veldig.

– Hovden-kontoret er bare bemanna med ein lege i denne perioden, difor sluser me det som kan vente litt til kontoret i Valle. Denne ordninga gjeld bare i veke 23 og 24, og bakgrunnen er at me manglar ein vikar dei vekene, seier Juva.