Den store vaffeldagen på Valle skule!

Valle skule skipa nyleg til Den store vaffeldagen, og det vart ein formidabel suksess! 10. klasse laga røre til heile 300 vaflar.

Ivrige på Den store vaffeldagen! Frå venstre: Åse-Margit Kiland-Bjåen, Sigrid Johre Øygarden, Anja Åkre, Martin Kjær Langeid, Anton Sørmo og Eira Ånundsdotter Viki. - Klikk for stort bileteIvrige på Den store vaffeldagen! Frå venstre: Åse-Margit Kiland-Bjåen, Sigrid Johre Øygarden, Anja Åkre, Martin Kjær Langeid, Anton Sørmo og Eira Ånundsdotter Viki. Valle skule

Elevar frå 3. og 8. klasse steikte og serverte vaflar til 5.-9. klasse i foajeen utanfor biblioteket. Det var god stemning på skulekjøkkenet under steikinga, og alle var med i kokkeleringa. 10. klasse hadde fagdag og serverte vaflar i klasserommet, medan 5. klasse gjekk rundt med tralle og serverte vaflar til 1.-4. klasse i klasseromma. 

Personalet fekk også ein smak

Dei tilsette fekk også smake vaflar, då ei tralle med godsaker vart sendt til personalrommet. Dei resterande vaflane vart serverte ute til SFO. Rubb og stubb vart ete opp!