"Digital til kvardags" i Sæbyggjen
Tysdag 11. mars er det ny runde med digital opplæring på Sæbyggjen i Valle sentrum.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.03.2025 09:29
Sist endra 10.03.2025 09:29

Frå klokka 10 samlar ein seg om å øve på å meistre ulike digitale plattformar. Opplegget er eit samarbeid mellom biblioteket og Valle pensjonistlag.
Gratis kursing
Hugs å ta med mobil og nettbrett, eller ein laptop. Det blir enkel servering, og det er gratis å vere med.