Dikt- og songprogram i Sæbyggjen og på Valle bygdeheim

Tysdag 20. mai klokka 19 kjem Kilden med framsyninga “Fra en annen virkelighet” til Sæbyggjen i Valle sentrum. Dagen etter blir same programmet vist på Valle bygdeheim som del av Onsdagskaféen. Kaféen tar til klokka 10.30, framsyninga er klokka 13.

I 2025 er det 80 år sidan frigjeringa av Noreg. I samband med jubileet har Kilden laga ei konsertforestilling som tar for seg denne tematikken gjennom dikt og musikk. 

Minne og glede

Med tre skodespelarar og ein musikar frå Kristiansand Symfoniorkester blir det både eit dikt- og songprogram. Konsertopplevinga er retta mot alders- og sjukeheimar og omsorgssenter, og vil innehalde mykje musikk, kjende songar og dikt som aktørane håpar kan vekke både minne og glede hjå publikum.