Dmytro frå Ukraina i full jobb i Valle!

Ein vinterkveld i fjor kom Dmytro og familien hans, kona Maryna, to born og svigermor, frå Ukraina til Valle. Der stod flyktningekonsulent Birgit Homme Harstad parat klar til å ta den vesle familien vel imot. Resten av forteljinga er ein suksesshistorie!

Dmytro i full sving i Brødrene Tveiten. Birgit Homme Harstad

For Dmytro og familien vart raskt integrerte i lokalsamfunnet. Få dagar etter at dei kom til Valle var dei i sving med open dag i Vallehalli. Den aktive og sosiale familien fann seg godt til rette og dei fekk vener i bygda. 

– Idrett og fellesskap, det var inngangsbilletten, slår Homme Harstad fast.

Etter kvart kom borna i barnehage og skule, dei vaksne tok til på vaksenopplæringa. Dmytro fekk språkpraksis i teknisk eining i Valle kommune. Der hadde han også sommarjobb og arbeidde elles ved behov. Han vart godt likt av alle.

Kontakta Brødrene Tveiten

På eige initiativ kontakta Dmytro verksemda Brødrene Tveiten.

– Det førte til at Dmytro fekk 100% praksisplass. Med bakgrunn frå gard og peiling på motor passa han godt inn. Dmytro vart ein ressurs for verksemda, og han fekk etter kvart ordinær stilling med vanleg løn, seier flyktningekonsulenten.

Ynskjer å tilby fast stilling

Brødrene Tveiten legg til rette for at Dmytro skal kunne få fast stilling, han må bare ta norskeksamen til hausten. Han har alt gjennomført kurs i arbeid langs veg og førstehjelp i verksemda. Maryna, kona hans, har også vore aktiv. Språkpraksis i barnehage, jobb på Flateland camping og no som sommarvikar i pleie og omsorg i Valle kommune. Borna trivest godt - familien har funne sin plass i nærmiljøet!

– Me ser at i Valle er både flyktningane og verksemdene motiverte og ynskjer å få til noko. Flyktningane er både gode kolleger og ressursmenneske. Dmytro og familien er eit godt døme på kor viktig samarbeid, initiativ og tillit er for å lukkast med integrering, seier Birgit Homme Harstad.

Dmytro er godt likt i verksemda, og trivest i Valle saman med familien. Birgit Homme Harstad