Driv Agder kan hjelpe gründarar med å kome i gang!
Driv Agder er etablerarsenter for heile regionen, og kan mellom anna hjelpe gründarar i Valle med å kome i gang med eit forretningskonsept.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.12.2024 09:15
Sist endra 16.01.2025 10:03
Driv Agder tilbyr gratis rettleiing og kunnskap til den som måtte ha behov for det. I tillegg til kursing kan ein få time med rådgjevar for å løyse ulike utfordringar. Til våren held Driv Agder to kurs i Setesdal. Det kjem me tilbake til.
HER kan ein tinge seg gratis rettleiingstime med Driv Agder.
Mykje kursverksemd
I tillegg til rådgjeving og rettleiing held altså Driv Agder kurs for nyetablerarar rundt om året rundt. For den som vil inn og sjå kurskalenderen er DETTE staden å klikke seg inn.