Driv Agder med kursing og rettleiing for gründarar

Driv Agder er etablerarsenter for heile regionen, og kan mellom anna hjelpe gründarar i Valle med å kome i gang med eit forretningskonsept.


 

Driv Agder tilbyr gratis rettleiing og kunnskap til den som måtte ha behov for det. I tillegg til kursing kan ein få time med rådgjevar for å løyse ulike utfordringar. Til våren held Driv Agder to kurs i Setesdal. Det kjem me tilbake til.

HER kan ein tinge seg gratis rettleiingstime med Driv Agder.

Mykje kursverksemd

I tillegg til rådgjeving og rettleiing held altså Driv Agder kurs for nyetablerarar rundt om året rundt. For den som vil inn og sjå kurskalenderen er DETTE staden å klikke seg inn. Av kurs som kan vere aktuelle er alt frå annonsering i sosiale mediar, jus for gründarar, frå ide til business og mykje meir.