Du kan framleis få Bygdenytt frå Valle kommune på papir og levert heim til deg!

Sjølv om Valle kommune sitt bygdeblad Bygdenytt er digitalisert og ligg på den kommunale heimesida, kan dei som vil det framleis få bladet i papirutgåve og levert heim i postkassa.

Bygdenytt kjem ut den 1. kvar månad. Frist for å levere stoff inn er den 25. kvar månad. Det er i Velkomstsenteret i Valle kommune at bladet blir produsert, og ein kan finne utgjevingane i papirformat både i butikkane i kommunen og i tillegg i ulike offentlege bygg. Dei ulike utgåvene finn ein også i digital form på den kommunale heimesida.

Kan få det levert i postkassa

Så er det likevel råd å få Bygdenytt levert heim i postkassa for den som helst vil det. Det er Setpro som køyrer ut og leverer.

- Det er bare å ringe eller sende ein e-post til Velkomstsenteret og seie frå at ein vil ha Bygdenytt i postkassa, så blir det slik, seier Anette Brottveit i Valle kommune. 

Ho minner om at Bygdenytt er gratis både om ein plukkar bladet opp i ein butikk, eller om ein får det levert heim. 

Telefon Velkomstsenter Valle kommune: 37937500

HER kan du sende e-post og be om å få Bygdenytt levert heim til deg