E-postar inn til Valle kommune dei siste dagane er ikkje registrerte - send inn på ny!

På grunn av store omleggjingar i datasystema har e-postar inn til postmottak eller direkte til sakshandsamarar i Valle kommune som vart sendt frå fredag 7. juni om ettermiddagen til og med måndag 10. juni om ettermiddagen forsvunne. Alle som sendte inn e-post til kommunen i den perioden blir no bedne om å sende inn på ny.

Det kan ha forsvunne e-postar på veg inn til Valle kommune i perioden fredag 7.- måndag 10. juni på grunn av datafeil. Alle som sendte inn noko den dagen blir bedne om å sende inn på ny. - Klikk for stort bileteDet kan ha forsvunne e-postar på veg inn til Valle kommune i perioden fredag 7.- måndag 10. juni på grunn av datafeil. Alle som sendte inn noko den dagen blir bedne om å sende inn på ny. Ole Birger Lien

Valle kommune sitt datasystem, som har vore drifta gjennom IKT Setesdal, vart overført til IKT Agder i helga. Det gjekk ikkje heilt smertefritt, og det oppstod utfordringar med ein del av systema. No tykkjest det meste å vere opp å gå att. .

– Me seier frå no fordi viss noko forsvann i denne perioden kan folk bli gåande og vente på eit svar som aldri kjem. Difor oppmodar me altså alle som sendte inn noko i går om å sende inn på ny, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.