Ei ekstra veke med leiebil forbi Bykletunnelane

Statens vegvesen skulle etter planen ha vore ferdige med arbeid og leiebil forbi Bykletunnelane fredag 13. juni, men no blir det ei ekstra veke med same løysinga, og altså leiebil forbi anleggsområdet fram til fredag 20. juni.

Arbeidet i den sørlegaste av dei to tunnelane er ferdig, men det står att litt i den nordlegaste tunnelen og dessutan i terrenget mellom dei to tunnelane.

– Regelverket krev at me i situasjonar som dette må halde fram med leiebil, det er ikkje lov å la det gå fritt fram så lenge køen då kunne ha blitt ståande inne i ein av tunnelane, seier Torgeir Hodne i Statens Vegvesen.

Ferdig fredag 20. juni

Det er i tidsromet 08-20 ein må pårekne litt ventetid og altså legge seg på hjul bak leiebilen.

– Me skal få på plass både litt sikringsgjerde og dessutan busslomme. Det ligg ikkje an til noko meir enn denne eine ekstra veka med leiebil, seier Hodne.

Det betyr at prosjektet skal vere endeleg fullført fredag 20. juni.