Søppelbehaldarar som dette berekna for klede og tekstilar elles kjem ut på avfallsstasjonane i Setesdal.Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS (SMG) seier at behaldarane no kjem på plass.
– Tekstilane ein leverer må vere pakka i plast. Det er fint om folk kan sortere mellom det som er brukbart og det ein ikkje kan bruke på ny, og gjerne skrive på posane om dei inneheld brukbart eller ikkje seier dagleg leiar i SMG, Svend Åge Petersen.
Blir resirkulert
Tekstilar som er brukbare skal leverast til butikkar som driv med sal av brukte klede eller til organisasjonar som kan nytte tekstilane i naudhjelpsarbeid. Tekstilar som ikkje kan brukast på ny går til fibergjenvinning og produksjon av produkt som er basert på dette.
– Me har inngått avtale med Setpro AS om sortering og vidare handtering av brukte klede og tekstilar, seier Petersen.
Det er SMG som tar seg av leveringa til Setpro AS - dei enkelte kundane skal altså levere alt til avfallsstasjonen.
HER finn du heimesida til Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS. Der skal det leggjast ut meir informasjon om ordninga.