Ekstra tilskot til grøfting/drenering i landbruket

Fylkestinget i Agder vedtok i desember i fjor å bevilge 1 mill. kr. til landbruket for å auke dreneringsaktiviteten i fylket.

I 2024 får ein 2000 kr. per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. For annan grøfting kan ein få 30 kr. per løpemeter grøft begrensa opp til 2000 kr. per dekar. Tilskotet er meint som eit supplement til den statlege ordninga som gjev 4000 kr. per dekar eller 61 kr. per løpemeter begrensa opp til 4000 kr. per dekar. 

HER kan ein lese meir om det statlege tilskotet

Skal vere enkelt å søke på

Ekstramidlane til grøfting frå fylket skal vere enkle å søke på. Først må ein søke om den statlege støtta. Når ein har fått dette godkjent i kommunen, skal tilsagnsbrevet sendast til postmottak@agderfk.no som vurderer tilsagn om ekstraordinært tilskot. Tilskot vil gjelde søknader sendt frå 1. januar i år. Søknadsfristen er 1. april. Tiltak ein får støtte til må vere gjennomført i løpet av 2026.

Valle kommune sitt tilskot er på 2500 kr. per dekar. Det betyr at med full utteljing kan ein få inntil 8500 kr. per dekar. For den som har spørsmål om Valle kommune si tilskotsordning kan ein sende ein e-post til rådgjevar landbruk Knut Gunnar Brokke Solli HER