Ekstrarunde med handsaming av søknader om kulturmidlar etter datafeil i Valle kommune

Halvparten av søknadene om kulturmidlar som vart sendt til Valle kommune i år forsvann på grunn av ein datafeil. No blir det ein “ekstrarunde” slik at alle som har søkt, skal få søknaden handsama.

Det må ein ekstrarunde til med handsaming av søknader om kulturmidlar etter ein feil i Valle kommune sitt datasystem. - Klikk for stort bileteDet må ein ekstrarunde til med handsaming av søknader om kulturmidlar etter ein feil i Valle kommune sitt datasystem. Ole Birger Lien

Systemet Valle kommune nyttar skal eigentleg varsle når ein søknad feiler. Det har likevel ikkje skjedd, med det resultat at kring halvparten av søknadene altså har ramla ut.

– Dette skal jo eigentleg ikkje gå an, men så har det blitt slik likevel. Eg stussa over det låge talet på søknader, men tenkte kanskje at det var på grunn av driftsstøtta grendehusa no får. Det i seg sjølv ville ha vore ei misforståing, kulturmidlar er til aktivitetar, arrangement og prosjekt, ikkje ei driftsstøtte, seier leiar kultur i Valle, Torunn Charlotte Nyberg.

Ny sak til levekårsutvalet

Alle dei forsvunne søknadene blir no lagt fram til handsaming i levekårsutvalet.

– Det ville vere veldig trist viss frivilligheiten skulle “straffast” på grunn av ein datafeil i Valle kommune, men no skal alle søknadene som glapp handsamast politisk snarast råd, seier Torunn Charlotte Nyberg.