Eldre i Valle kommune kan få kommunal datahjelp

Eldre fastbuande i Valle kommune som slit med stadig meir digitalisering i samfunnet kan få kyndig kommunal datahjelp. For dei det gjeld er ordninga viktig. Det er ikkje alltid like enkelt, om ein skal tinge noko på nett, laste ned ein app eller anna digitalt.

Eldre i Valle kommune kan få datahjelp på biblioteket i Sæbyggjen. - Klikk for stort bileteEldre i Valle kommune kan få datahjelp på biblioteket i Sæbyggjen. Ole Birger Lien

Utgangspunktet er at det er i biblioteket i Sæbyggjen datahjelpa går føre seg.

– Me har rett og slett ei ordning utan faste tidspunkt. Er bare biblioteket bemanna, kan ein få hjelp. Det er viktig å vere der for dei som treng denne hjelpa, seier bibliotekar Aud Kjersti Thorbjørnsen.

Ho minner om at det ikkje er hjelp å få i dei utvida opningstidene, når det er såkalla meirope bibliotek.

– Det må naturleg nok vere nokon til stades, men er det folk på plass skal me alltid gjere så godt me kan, seier ho.

Hjelp på bygdeheimen

Valle Bygdeheim har ikkje ei fast ordning for datahjelp. Det betyr likevel ikkje at det ikkje er hjelp å få der.

– Får me spørsmål om å hjelpe vil me sjølvsagt gjere det, så godt me kan, seier leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.