Eldrerådet trefte Valle kommune

Eldrerådet i Valle trefte kommunen nyleg for å drøfte ulike tema knytta til eit liv som senior. Fleire aktørar frå administrasjonen deltok.

Eldrerådet trefte Valle kommune nyleg for å drøfte aktuelle senior-problemstillingar. - Klikk for stort bileteEldrerådet trefte Valle kommune nyleg for å drøfte aktuelle senior-problemstillingar. Frå venstre rundt bordet: Kristin Nomeland, Øyvind Jacob, Gunn Marit Homme, Magnus Berg, Solveig Kyrvestad, Tora Homme Uppstad og Anna Rysstad. Valle kommune

Frå pleie- og omsorgstenesta kom leiar Solveig Kyrvestad for å orientere om tenesta, heilskapeleg plan for pleie og omsorg og ikkje minst kva grep kommunen kan ta for å sikre at så mange som råd av dei som vil bu heime så lenge dei kan får akkurat det. Velferdsteknologi og alt som er på veg av nyvinningar der var naturleg nok eit viktig tema.

Bustadpolitisk plan

Frå teknisk eining kom leiar Magnus Berg. Han tok for seg mellom anna bustadpolitisk plan, med fokus på korleis kommunen kan bidra til å utforme aldersvenlege samfunn og bustadpolitikk tilpassa dei eldre. Bustader på ei flate, sentrumsnære og med ein standard for framtida, er punkt som er viktige i det biletet. I løpet av eit innhaldsrikt møte fekk eldrerådet kome med sine spørsmål, det var godt engasjement og gode drøftingar rundt emna. Målet for både Valle kommune og eldrerådet er at ein så langt det er råd skal leggje til rette for at det også i framtida skal vere trygt og godt å vere eldre i kommunen!