
For landbrukseigedomar som hamna i dødsbu før 1. januar 2022 er fristen for overføring til ny eigar med tinglyst heimel 1. januar 2025. Det gjeld uansett kva tid eigedomen hamna i dødsbu før 1. januar 2022. Treårsfristen er lovfesta. Om kommunen har varsla dødsbuet seint, eller det av ein annan grunn ikkje er varsla i rett tid, blir ikkje fristen forlenga.
Brev frå direktoratet
Frå 1. januar 2025 kan kommunane la eigedomar bli tvangsselde i fylgje framgangsmåten i konsesjonslova paragraf 19.
– Viss ein får eit brev med varsel om tvangssal så er det bare ei førehandsformulert tekst, tvangssal vil sjølvsagt ikkje vere aktuelt så lenge forholdet blir ordna opp i innan fristen på tre år, seier rådgjevar landbruk i Valle kommune, Knut Gunnar Brokke Solli.
HER er lenke til den gjeldande paragrafen i Arvelova for den som vil vite meir.