Engasjer deg i arbeidet med å revidere samfunnsdelen i kommuneplanen!

Det skjer mykje i kommuneplanarbeidet utetter hausten. Temamøte om arealstrategi, innbyggjarverkstad om beredskap og møte med friviljuge lag er nokre av aktivitetane det vert lagt opp til.

Både kommunepolitikarar, administrasjon og lokalsamfunnet skal engasjerast i arbeidet for å peike retninga for korleis kommunen vår skal utvikle seg inn i framtida.

– I denne fasen blir det ein heil del medverknadsprosessar, seier rådgjevar Kay Arne Søgård (biletet). Kay Arne har eigentleg permisjon frå stillinga si som rådgjevar på plan og næring sidan han tek ei doktorgrad på UiA, men han er engasjert til å bistå kommunen i ein hektisk periode med mange parallelle planprosessar.

Temamøte om arealforvaltning

24. september skal det i samband med kommunestyremøtet gjennomførast eit tememøte om arealforvaltning. Møtet er ledd i arbeidet med arealstrategien i samfunnsdelen i kommuneplanen. Arealstrategien dannar grunnlaget for ein framtidig revisjon av arealdelen i kommuneplanen. På temamøtet blir det faglege bidrag frå statsforvaltaren og dessutan advokatfirmaet Lund & Co, som er sekretariat til utkantkommunanes samanslutning.

– Formålet er å sjå nærare på handlingsromet kommunen har framover med tanke på arealbruk og utvikling. Det blir både presentasjonar for foredragshaldarane og dessutan ein workshop for dei folkevalde, seier Søgård.

Innbyggjarverkstad

I oktober skipar Valle kommune til innbyggjarverkstad der tematikken er beredskap - totalberedskap og eigenberedskap. Verkstaden kjem til å innehalde alt frå presentasjonar og foredrag til informasjon frå kommunen og workshop for innbyggjarane.

– Det blir også eit eige møte for lag og foreiningar, truleg i oktober. Formatet er noko uavklara, og me kjem tilbake med meir informasjon etterkvart. I tillegg til alt dette kjem me til å nytte heimeside, Bygdenytt og Friskus for å få ut informasjon fortløpande, seier Kay Arne Søgård.

 Målet er å utforme eit ferdig utkast til ny samfunnsdel i kommuneplanen innan nyttår. Planutkastet vert deretter lagt ut til høyring før endeleg handsaming i kommunestyret før sommaren neste år.

Engasjement er viktig!

Kay Arne Søgård understrekar betydninga av at så mange som råd engasjerer seg. – Den som har tankar om kva kommunen vår skal vere i framtida, har sjansen no. Anten med å møte fram på innbyggjarverkstad eller rett og slett sende inn innspel til planarbeidet. Me har oppretta ei eiga side på heimesida til kommunen med faktagrunnlag og relevant informasjon.  

Arbeid med ny kommuneplan