Etablerersenteret i Agder IKS til Valle 15. mars

Etablerersenteret i Agder IKS, som har fått det nye namnet Driv Agder, kjem på besøk til kommunestyresalen i Valle fredag 15. mars klokka 13-15. Møtet er ope for alle, og både folkevalde, næringslivet og elles alle interesserte kan vere med.

Plan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård, håpar mange stiller opp i kommunestyresalen 15. mars. Då kjem Driv Agder på besøk. - Klikk for stort biletePlan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård, håpar mange stiller opp i kommunestyresalen 15. mars. Då kjem Driv Agder på besøk. Ole Birger Lien

Driv Agder er ei ny selskapsform for heile fylket som eit grep for å nå måla i regionplan Agder 2030 for entreprenørskap og samarbeid om nye arbeidsplassar. Agder fylkeskommune og dei fleste kommunane i fylket er med på eigarsida.

– I kommunestyresalen skal dei presentere arbeidet dei held på med, og så er sjølvsagt eit av dei viktigaste temaene korleis dei, me og næringslivet kan få eit så godt samarbeid som råd framover, seier plan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård.

Han lovar god tid til spørsmål og drøftingar.

Kurs

Driv Agder har alt gjennomført fleire kurs i dalen, mellom anna innan økonomi på Evje. 

– Der var det med folk frå heile Setesdal. Driv Agder har ei heil rekke kurs, og dei driv mykje med rettleiing. No håpar eg så mange som råd kjem til møtet i Valle 15. mars. Då er me med på å forme arbeidet i tida som kjem, og me kan tilpasse dette behova i Valle kommune, seier Søgård.

Det blir enkel bevertning på møtet.