Farevarsel om store snømengder og snøfokk i indre Agder siste dagen i 2024Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for store snømengder og snøfokk mellom anna i Agder den siste dagen i 2024. I Valle kan det kome opp mot 25 cm snø på få timar! Publisert av Ole Birger Lien Publisert 31.12.2024 10:07 Sist endra 31.12.2024 10:07 I tillegg til nedbørsmengdene melder dei om sterk vind, spesielt i fjellområda. Med snøkaoset nyårshelga i fjor friskt i minne er det vel på sin plass å minne alle som skal ferdast ute om å vere forsiktige. Farevarselet gjeld frå 31. desember klokka 12 til klokka 04 natt til 1. januar.