Barnehageleiar i Valle kommune, Torgeir Andreas Helle, slår fast at det har vore færre søknader om barnehageplass i år enn det var i fjor.
Ole Birger Lien
– Alle som søker skal få plass, så enkelt er det. Slik status er akkurat no, er det litt ledig kapasitet både i Valle og Hylestad, men det er nok mindre slingringsmonn i Hylestad barnehage enn i Valle, seier barnehageleiar i Valle kommune, Torgeir Andreas Helle.
Han er klar på at om det skulle kome inn uventa mange søknader no etter fristen for hovudopptak 1. mars, så har ein likevel ulike løysingar klar.
– Det er jo ei “positiv utfordring” at ein har så mange born at det byrjar å bli ei utfordring i høve areal. Me ligg likevel innanfor slik status er no. Barnehagane er også godt bemanna, slår Helle fast.
Ser på ulike grep
Kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, seier at fødselstala så langt i år er relativt høge, noko som ber bod om at søkartala for barnehageåret 2026/2027 kjem til å utfordre arealkapasiteten ytterlegare.
– Me kjem difor til å sjå på ulike løysingar for å utvide arealet. Alt dette skal me leggje fram som sak for politikarane i god tid før situasjonen eventuelt skulle bli prekær, seier kommunedirektøren.