Fem mill. i fylkesmidlar til sommarjobb for unge

Fylkestinget i Agder har vedteke å gje inntil 25.000 kr. i tilskot til arbeidsgjevarar som tar inn ungdom i sommarjobb i 2025. 

Agder fylkeskommune

Søknader som legg til rette for ungdom med behov for tilretteleggjing eller som står utanfor skule/arbeidsliv, blir prioritert. Bakgrunnen for det siste er at Agder har ein stor andel unge mellom 16-20 år som har hamna utanom skule eller arbeid. Det er negativt både for dei og samfunnet. Ordninga gjeld for kommunar/offentlege verksemder, private verksemder og ideelle organisasjonar med adresse i Agder. Enkeltpersonar og enkeltpersonforetak kjem ikkje under ordninga. Kvar verksemd kan få støtte for inntil fem ungdomar.

Sett av fem mill.

Ordninga gjeld for i alt 200 unge - det er sett av fem mill. kr. i potten. Målgruppa er altså unge mellom 16-20 år, busette i Agder. Støtta kan søkast om også for unge som ikkje har falle utanom skule eller arbeid - men det er eit krav at støtta er utløysande, det vil seie at verksemder som søker, må ta inn fleire unge i tillegg til den/dei i utgangspunktet hadde tenkt å hyre inn for sommaren.

Søknadsfrist på ordninga er 15. april. Svar på søknadene kan ein vente seg i månadsskiftet april/mai.

HER kan ein inn og lese meir - og søke om tilskot.