Arne Quist Christensen (t.v.) i Telenor og Magnus Berg, leiar teknisk i Valle kommune, med kake då dei signerte avtalen om fiberutbyggjing på Nomelandssida i Valle nyleg.
Ole Birger Lien
Totalbudsjettet for prosjektet er 1,4 mill. kr. Finansieringa kjem frå Staten via fylkeskommunen. Med avtalen signert og marsipankaka eten, skal no arbeidet kome i gang.
– Det er planlagt sluttføring seinast sommaren 2026, seier Arne Quist Christensen i Telenor.
Opp til ein Gbit
Fiberen som no blir lagt på plass betyr at i framtida kan dei som bur eller har hytte på Nomelandssida koble seg på nett med hastigheiter på opp til ein Gbit.
– Satsinga her er del av Det digitale Agder (DDA). No er det gledeleg at utbyggjinga kan kome i gang. Fiber lyfter eit lokalområde og styrkar den generelle infrastrukturen. Også med tanke på bulyst og beredskap er ei slik utbyggjing av det gode, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.
Vil du vite meir om DDA? Då kan du sjå HER