Fine jolebassar sanka gotteri på Rysstad!
Bassekveld har ein lang tradisjon i Noreg, og i øvre delen av Setesdal er bassar på døra 20. dag jol framleis ein aktivitet i levande live!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.01.2025 10:19
Sist endra 14.01.2025 10:19
Desse flotte jolebassane var ute og sanka gotteri på Rysstad måndagskvelden.
Ole Birger Lien
Der bassane i gamle dagar kom rundt for å smake på ølet i huset og feie jola ut, er det i dag ein meir avdempa men likevel svært så oppegåande basseaktivitet i bygd og grend i Valle og Hylestad.
Jolesong
Bassane er yngre no enn før, og i staden for å feie ut jola, syng dei høgtida bort for denne gong! I Hylestad baud dei to flotte bassane på biletet på vakker jolesong - med gotteri i ein alt full og god gottepose som betaling!