Firemannsbustaden i Leite i Valle på veg opp

Firemannsbustaden Valle kommune set opp i Leite i Valle i desse dagar, skal vere ferdig til våren. Det betyr fire nye bustader til utleige.

Firemannsbustaden i Leite i Valle er på veg opp. Bygget skal vere klart på vårparten neste år. Eik Prosjekt AS

Ytterveggselement er montert for underetasjen og 1. høgda, og no kjem også takstolane på plass. I løpet av oktober skal taket vere ferdig, og ein kjem også i gang med planering utomhus denne og neste veke. 

20 mill. kr.

Det er Evje Bygg AS som er hovudentreprenør for prosjektet til kring 20 mill. kr. Bygget gjev altså fire einingar, to på kring 70 kvm, og to på om lag 90 kvm. Det er planlagt kranselag i november, så skal altså firemannsbustaden vere innflyttingsklar på vårparten neste år.