
Nye reisevanar gjer at folk ynskjer seg nye tilbod. Slik trendane er i dag, er stadig fleire ute etter det autentiske, gjerne noko som er utanfor allfarveg. Fjellnettverket har dei to siste åra testa ut ei ordning som har hatt stor suksess på Færyane - Heimablidni. Gardsbruk tilbyr matservering frå eige kjøkken. Fjellnettverket har dei siste to åra testa ut ei liknande ordning i Noreg - no vil dei ha med fleire gardsbruk.
Gardsbruk frå fjellkommunane
Fjellnettverket ynskjer seg gardsbruk frå mellom anna Bykle og Valle i ordninga. Serveringa som startar opp bør ha utgangspunkt i eit gardsbruk på fjellet, at maten blir laga i eige kjøkken og servert i eige kjøkken eller stoge. Eigne eller i alle fall lokale produkt må vere utgangspunkt for menyen. Gardsbruk som er aktuelle må gjennomgå søknadsprosess med Mattilsynet og kommunen, delta på kurs og samlingar og vere i stand til å starte opp serveringsverksemda i løpet av året. I tillegg til tilgang til nettverket kan dei som blir med få kurs i alt frå matlaging til menyar, få synleggjering av ordninga, eit nettverk av fagfolk og gode hjelparar.
Søknadsskjema Bondens bord
Søknadsfrist 15. juni 2025
Har ein spørsmål kan ein kontakte prosjektleiar Elin Halland Simensen i Fjellnettverket på tlf 99594922 eller på epost elinsi@bfk.no