Fleire flyktningar i Valle har fått seg sommarjobb

Valle kommune har teke imot mange flyktningar frå Ukraina, og integrering er sjølvsagt viktig. Eit viktig moment er arbeid. Der får dei meir effektiv språktrening enn kanskje nokon annan stad. Fleire av flyktningane har også fått seg sommarjobb.

Dmytro i sving i sommarjobb. - Klikk for stort bileteDmytro i sving i sommarjobb. Birgit Homme Harstad

– Det er så viktig med slike sommarjobbar, så eg kan ikkje oppmode næringslivet sterkt nok om å gje flyktningar som ynskjer å arbeide ein sjanse, seier flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.

Ho peikar på at i tillegg til språk og det sosiale så er gevinsten med arbeid mykje meir omfattande.

– Det å få løna arbeid, arbeide som oss andre. Ein kan jo bare tenke seg kor god kjensle det er også for flyktningane. Ein sommarjobb kan også vere inngongsbillett til ordinært arbeid, seier ho.

I kommunen

Ein av flyktningane som no er i sving med sommarjobb er Dmytro. Han har fått jobb i teknisk avdeling i Valle kommune. Han kom til Noreg i mars. Med bakgrunn som bonde og landbruksmekanikar har han mykje å bidra med. Maryna er i sommarjobb på Flateland camping. Ho er lærar, og kom også til Noreg i mars i år. Tilbakemeldingane frå campingeigar Olav Flateland er framifrå.

– Dei to er gode døme på det me ynskjer oss meir av. Me vil gjerne integrere flyktningane, og dei vil gjerne bli integrerte. Viss næringslivet stør opp om dette står me alle endå sterkare, seier Birgit Homme Harstad.

Maryna har fått sommarjobb på Flateland camping. - Klikk for stort bileteMaryna har fått sommarjobb på Flateland camping. Birgit Homme Harstad