Det har vore manglande mobildekning frå Telenor mellom anna her i Brokke heilt sidan sist fredag. Problemet er framleis ikkje løyst.
Ole Birger Lien
Mobildekninga er borte i deler av Brokke, Evardalen, Myklevatn og områda rundt. Også i austeheia er det område med manglande dekning. Det er fiberbrot inn i ein av basestasjonane som er årsaka til utfallet.
– Det har vore entreprenørar på plass for å reparere fiberbrotet fleire gonger, men det har vist seg å vere komplisert. Også i dag er det entreprenør på plass, og me håpar at alt skal kome i orden i løpet av torsdagen, seier informasjonssjef i Telenor, Vetle Andersen.
– Ikkje samanheng med kaoset onsdag
Han strekar under at utfallet i Valle-heiane ikkje har noko med utfallet av nødnummer og andre tenester i Telenor sitt system onsdag i denne veka.