Fleire rapportar om lause hundar i skog og hei i Valle kommune

Det er ordinær bandtvang til 20. august, men i Valle er bandtvangen utvida i forskrift til 15. oktober. Ikkje alle er like flinke til å halde hundane i band. Det kan gå stygt ut over husdyr og vilt.

Det er bandtvang i Valle til 15. oktober. - Klikk for stort bileteDet er bandtvang i Valle til 15. oktober.

Valle kommune får stadig inn rapportar om lause hundar som går etter sau og andre dyr.

– Skjerme dyr

– Det er jo for å skjerme husdyr og vilt at me har bandtvangen, difor håpar eg at alle respekterer regelen. Det har gjennom åra diverre vore ein del uheldige hendingar, spesielt opp mot sau. Dette ynskjer me alle å unngå, seier leiar i teknisk eining i Valle kommune, Magnus Berg.

Regelen er enkel. Så lenge det er bandtvang skal hundane gå i band. I Valle kommune gjeld altså dette like til 15. oktober.

Unnatak

Det finst unnatak til bandtvangen. For brukshundar som til dømes sauehundar, eller hundar som blir nytta i søk etter såra eller sjukt dyr eller andre redningsoppgåver, er det når hundane er i oppdrag unnatak også før 20. august når ordinær bandtvang går ut og i perioden fram til 15. oktober. For jakthundar under jakt er det unnatak i perioden mellom 20. august og 15. oktober.