Flott adventshelg i Valle og Hylestad

Mange fekk med seg den store adventshelga i Valle og Hylestad med arrangement frå fredag til sundag.

Leikarringen i sving på Setesdalsmuseet. - Klikk for stort bileteLeikarringen i sving på Setesdalsmuseet. Leonhard Jansen.

I kaldt men greitt vinterver vart det ei fin adventshelg for store og små i Valle og Hylestad. Det heile tok til i Hylestad med den tradisjonelle ljostenninga langs riksvegen gjennom bygda. Også ved Sølvgarden hotell vart det ljost og flott, og med ein innhaldsrik marknad der ein kunne få kjøpt seg mykje spennande. Jolenissen dukka som alltid opp, ei vitjing spesielt dei yngste sette stor pris på!

Livleg i hallen

Laurdag var det ope i Valle kultursenter, med mange aktivitetar. I sentrum vanka det bollar og kakao utpå ettermiddagen, ljosa på jolegrana kom på og kulturskulen var sterkt til stades. Fakkeltoget lyste opp bygda, der folk gjekk frå sentrum og opp til Valle bygdeheim. 

Ljosmesse

Sundag vart det skipa til ljosmesse med konfirmantane i Hylestad kyrkje før fakkeltoget opp til Setesdalsmuseet. Der var det lagt opp til ein dag med mange aktivitetar, framsyning av “Snekker Andersen” og innslag frå både leikarringen og kulturskulen. Ei innhaldsrik adventshelg i Valle og Hylestad altså, med god oppslutning alle stader.