Flott eksamensfest for 10. klassingane ved Valle skule!

Sist veke samla elevar, føresette og lærarar seg til eksamensfest for 10. klassingane som no har gjennomført grunnskulen. Det vart ei sers triveleg samling.

Flotte 10. klassingar ferdige med grunnskulen. Frå venstre: Bjarne T. Homme, Arne Eliezer Bjørgum, Silje L. Homme, Narelle Markgraf, Dina Elfrida Wiik, Wiktoria Richert, Johanna Djuvik-Lillekvelland, Åsne Mathilde Lund-Magnushommen, Noah L. Kittelstad, Sondre Straume og Henning Ruud-Uppstad. Rasha F. Almijan var ikkje til stades då biletet vart teke. Kontaktlærar for den flotte gjengen er det Frøydis Junge som har vore. - Klikk for stort bileteFlotte 10. klassingar ferdige med grunnskulen. Frå venstre: Bjarne T. Homme, Arne Eliezer Bjørgum, Silje L. Homme, Narelle Markgraf, Dina Elfrida Wiik, Wiktoria Richert, Johanna Djuvik-Lillekvelland, Åsne Mathilde Lund-Magnushommen, Noah L. Kittelstad, Sondre Straume og Henning Ruud-Uppstad. Rasha F. Almijan var ikkje til stades då biletet vart teke. Kontaktlærar for den flotte gjengen er det Frøydis Junge som har vore. Valle skule

Det er ein spesiell dag for mange den dagen 10. klassingane skal avslutte grunnskulen og vidare ut i livet. Dei 10 åra på skulen har vore med på å leggje byggjesteinar til resten av livsvegen, og gjeve kunnskap og minne som varer livet ut. Ein slik dag fortener både det høgtidelege og det festlege!

Parodiar

I festklede og med eit solid overskot av humør samla alle seg til fest. God mat, helsingar og fine talar, og ikkje minst elevar som parodierte eine læraren etter den andre til latterbrøl i salen, ein dugeleg festkveld for flotte ungdomar!