Mange var med i Sæbyggjen for å bli betre kjent med flyktningane frå Ukraina. Fleire av dei fortalde sin historie.
Birgit Homme Harstad
Under samankomsten fortalde fleire av flyktningane frå Ukraina sin historie. Dei har flykta frå krig og elende, reist frå hus og heim, og lagt ut på ei farefull ferd til tryggleiken. Kontrastane til fredelege Noreg er sjølvsagt enorme, men så er det heller ikkje bare å kome seg til ei trygg hamn. For kva skal ein gjere der?
– Dei fortalde både om å vere i introduksjonsprogrammet og i språkpraksis i ulike verksemder. Så er det for mange målet å skaffe seg ein fast jobb og kan hende til og med starte på ei utdanning. Me var nok mange som vart bevega av historiane me fekk høyre, seier flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.
Flinke i norsk
Mange har reagert på kor kjapt mange av flyktningane har lært seg nok norsk til å klare seg sjølv. Arbeids- og læreviljen er det definitivt ikkje noko å seie på!
– Så var det moro å også få høyre korleis arbeidsgjevarar opplever å få inn flyktningane. Fleire flyktningar er no i arbeid i skule og barnehagar, og tibakemeldingane frå arbeidsgjevarsida under samankomsten var bare positive. Somme av ukrainarane er også med på eit gründerkurs, så her har me ein breidde som skaper ei god plattform, seier Homme Harstad.
Bugnande fat
Som del av samankomsten tok flyktningane ansvar for maten i Sæbyggjen. Det vart ein fest i seg sjølv med smakelege rettar på bugnande fat. Med herlege kaker som prikken over i-en vart samankomsten i Sæbyggjen ein fin ettermiddag der flyktningar og arbeidsgjevarar, bygdefolk og tilreisande la bort alle titlar - og bare var folk. Slikt bør det vere meir av, i kvar ein kommune i dette landet!
Flyktningane tok på seg matlaginga i Sæbyggjen, og du verden som dei diska opp!
Birgit Homme Harstad
Anne Verona fortalde sin historie under samankomsten.
Birgit Homme Harstad